Top menu



More articles


Skolestart ved Porsgrunn vgs

DSC00055

Fire hundre forventningsfulle VG1 elever møtte idag til første skoledag. Alle de nye elevene møtte på avdeling sør slik at vi fikk se hvor mange de er. Rektor Laila Lerum og elevrådsleder Tonje M. Lia holdt tale. Anne Solli fra VG2 sang, og vi ønsket velkommen til Katrina Lee Warner som er utvekslingselev fra California. Vi ønsker alle velkommen til skolen og til et godt arbeidsår!

Talen til elevene finner du under bildene!

 
 
 
 
 
 

 

Rektor Laila Lerum
12.8.2009

Kjære nye elever ved Porsgrunn vgs – skoleåret 2009/2010

 

Nokre gonger i livet blir det ekstra tydelig at noko er slutt og at noko nytt begynner. Samlingen med dykk nye VG1-elevar her i dag markerer eit slikt tidsskille. Tida på ungdomsskolen er slutt, og de er nye elevar på Porsgrunn vidaregåande skole, og her skal de vera i 3, kan hende 4 år.

Nokre set beina dykkar på PVS for aller første gong som elevar, andre har vore her på hospitering i fjor. Eg reknar med at de er forventningsfulle i dag, og det er eg som rektor også.

Det kan krible litt i magen av mindre, og de er selvfølgelig spente på kven de hamnar i klassen saman med og kven de får som lærarar. Og kva med alt som skal hugsast på no dei første dagane og kva med alle bygningane med krinklar og krokar som verkar umogeleg å finna fram i?

Det å være ny er noe helt spesielt; Sjølv hadde eg gløymd det.

Men eg fekk ei påminning ved skolestart i fjor då eg var ny som rektor, så eg trur eg veit korleis de har det.

Når det er sagt, så ynskjer eg å dele med dykk kor fantastisk mottaking eg sjølv fekk ved skolen. Eg følte meg velkommen og ønska.
Eg vil at de skal oppleve det same!

De skal byrje på ulike utdanningsprogram;

Nokre på studiespesialiserande VG1 eller på Idrett som er på Nord, i det gamle gymnaset som mange av foreldra dykkar var elevar på

Andre skal gå her på Sør som er ein ny skole, på TIP ( teknologiske fag) eller TAF ( 4-årig løp …), på Design eller håndtverk, på medie og kommunikasjon, på grunnkompetanse eller på avdeling for mindre grupper

De er vel 400 elever til saman på VG1, på ein skule med om lag 1050 elevar.
Vi er stolte av å sei at de er komne til ein av dei skolane i Telemark som skorar best på elevanes trivsel og fråver av mobbing

Men skolen er ikkje bare et stad å vera, men ein stad å læra

De er komne til ein skole som har følgjande visjon eller leiarstjerne for arbeidet sitt:
Sammen om mestring, mangfold og miljø”
og som har følgjande kjenneteikn på læringsarbeidet, noko som vi lovar dykk og foreldra dykkar;

1. PVS har fokus på læringsarbeidets resultater

2. PVS har godt kvalifiserte lærere

3. PVS gir tilpasset opplæring ( kartlegging)

4. PVS har nulltoleranse for mobbing

5. PVS er en helsefremmende skole

6. PVS er en tobakksfri skole

7. PVS er en dysleksivennlig skole

.
Og vi ynskjer at dette skal vera eit sant bilde på skulen!

For å få til dette så har vi nokre husreglar som de finn i alle klasserom;

*****************************

HUSREGLER

som gjelder for alle, både elever og ansatt ved skolen

1. Vi møter presis og forberedt til timene

2. Vi holder fokus på faget i timene

3. Vi bruker PC etter avtalt bruk og gjør ikke privat bruk av mobiltelefon, musikkspiller e.l. i timene

4. Vi spiser ikke i timene

5. Vi rydder alltid opp etter oss

Vi skal hjelpe hverandre til å overholde og respektere husreglene.

På denne måten kan vi få til et læringsmiljø som stimulerer til endra bedre innsats, orden, medvirkning og resultater.

********************************

Eg håpar at Porsgrunn vgs avd sør eller nord skal gi dykk viktig ballast – både ved at vi gir dykk slitesterke og viktige kunnskapar og ferdigheiter, og at vi bidreg til dykkar personlege utvikling, og såleis gjer vårt til at de får et rikt og meiningsfullt liv no og i framtida,

Eg håpar at de vil møta på gode forbilder i dyktige lærarar og tydelege leiarar som de vil minnast med respekt og glede, i allefall om ei stund.

Eg håpar at skolen skal kvalifisere dykk for å ta vidare og høgre utdanning og til å velgje det yrke som de har lyst på når de våren 2012 er russ ved skolen vår. Då er det viktig at de brukar tida godt ift læring og utvikling i alle fag!

Det skapande finst i alle menneske som er åpne for overraskelsar og motstand

Å våga å tro at du kan – det gir muligheter!!!

Tru på deg sjølv- bruk hjernekrafta di, men følg hjarte!

 

Eg håper at de får fine år på Porsgrunn vidaregåande skole, og at de vil tenkja tilbake på desse åra som noko minneverdig og positivt.
Eg håpar at de vil oppleve og etterkvart erkjenne at skolen har gitt dykk eit solid grunnlag for vidare utdannelse og yrkesliv.

Kunnskap gir muligheter!

Velkomme til Porsgrunn vgs

Velkommen til et lærerikt og triveleg skolemiljø!